Digital Festival
Målsetjinga til staten er at alle innbyggjarar skal beherske nettet og kunne kommunisere elektronisk med det offentlege. Fleire og fleire offentlege tenester vert digitaliserte og det fordrar at alle kan bruke digitalt utstyr. At nokon står på utsida er ei utfordring for demokratiet. Ei stor gruppe seniorar i Alver kommune er framleis ikkje på nett.
Frivilligsentralen driv 2 dataklubbar i kommunen i h.h.v. Lindåshallen og i Knarvik Frivilligsentral. Gode frivillige er med som hjelparar. Dette er gode og viktige møteplassar for deltakarane så vel som for hjelparane, som enten er pensjonistar, uføre eller på tilrettelagt arbeid. Nokre av seniorane har også store omsorgsoppgåver i heimen og får seg eit kjærkoment pusterom i ein utfordrande kvardag, samstundes som dei lærer seg å ta del i eit stadig aukande digitalisert samfunn. For fleire genererer desse møteplassane utvida sosialt nettverk og deltaking i frivillege lag i kommunen. Begynnarkurs vert sett i gong innimellom.
Vi arrangerer opne dagar kor alle er hjarteleg velkomne. Her får du møte mange dataaktive seniorar som med eigen erfaring kan fortelje mykje kring digitaliseringa som skjer i landet. Det blir orientering, informasjon, leik og moro og lunsj. Sjå heimesida til Knarvik Frivilligsentral
Her kan du lese meir om dette. Her er og mange nyttige tips: http://digidel.no/digidelpakkene/