Vedtekter for Seniornett EID
Vedtatt 07-01-2016
§ 1 NAMN OG FØREMÅL
Seniornett EID er ei lokal foreining under Seniornett Norge (SN), jmf. § 19 i Seniornett Norge sine vedtekter. Seniornett Eid har personlege medlemer
Seniornett Eid skal arbeide for Seniornett Norge sine føremål og foreininga er bunden av Seniornett Norge sine vedtekter så langt det gjeld lokale foreiningar.
Foreininga skal:
• arbeide for å fremje seniorar sin aktive bruk av informasjons- og kommunikasjons-teknologi (IKT).
• arbeide for å sikre alle seniorar som ønskjer det, opplæring, støtte og veiledning i bruk av IKT.
• vere eit faglig og sosialt nettverk for medlemane.
• arbeide for å påvirke IKT-utviklingen i Eid kommune til beste for seniorar.
• være ein god samarbeidspart for andre aktører, både private og offentlige, som arbeider innanfor foreininga sitt interesseområde.
§ 2 MEDLEMMER
Alle som ønskjer å være med å fremme organisasjonens føremål, kan bli medlem av Seniornett EID.
• Medlemer i Seniornett Eid er samtidig medlem av Seniornett Norge.
• Medlemene betalar kontingent. Seniornett Norge står for fakturering av medlemskontingenten.
• Kontingenten består av ein sentral kontingent og ein lokal andel som går til Seniornett Eid.
• Eid Seniornett kan i årsmøtet gjere vedtak om endring av den andelen som går til den lokale foreininga.
§ 3 ORGANISERING
Seniornett Eid har to organ: a) Årsmøte, b) Styre.
Foreininga si rapporterings- og regnskapsperiode er 1. januar til 31. desember.
§ 4 SAMARBEID MED FRIVILLIGSENTRALEN
Eid Seniornett skal ha eit nært samarbeid med frivilligsentralen. Samarbeidet er styrt av den til ein kvar tid gjeldande «Samarbeidsavtale mellom Eid frivilligsentral og Seniornett Eid»
Styret har fullmakt til å reforhandle denne avtalen. Eventuelle endringar skal leggjast fram for årsmøtet som referatsak.
§ 5.ÅRSMØTE
§ 5.1 Saker til årsmøtet.
Årsmøtet skal ha følgjande saker;
1. Konstituering
Godkjenning av innkalling, saksliste og plan for gjennomføring av møtet.
Valg av møteleder, referent og to medlemmer til å undertegne protokollen.
2. Årsoppgjer
a) Styret si årsmelding
b) Rekneskap
3. Plan for foreininga sin aktivitet
a) Handlingsplan.
b) Budsjett.
c) Eventuell endring av lokal kontingent
4. Innkomne framlegg
5. Val
a) Styre (etter innstilling fra valgkomiteen)
b) Valkomité (etter innstilling fra styret)
c) Teljekorps på 3 personer
§ 5.2 Innkalling til årsmøtet
Styret fastset tid og stad for årsmøtet
Årsmøtet skal kunngjerast ved annonsering på e-post til medlemane og oppslag på vår faste møteplass.
Styret fastset dagsorden og legg fram forslag til vedtak til årsmøtet.
Den enkelte medlem kan setje fram forslag til årsmøtet. Forslag må vere sendt styret i Seniornett Eid minst 14 dagar før årsmøtedato.
Styret kan gjere vedtak om innkalling av ekstraordinært årsmøte.
§ 5.3 Stemmerett
Berrre medlemer som har betalt kontingent innan 14 dagar før årsmøtet har stemmerett på årsmøtet. Kvar medlem har ei stemme. Det er ikkje høve til å stemme etter fullmakt frå medlemer som ikkje kan møte.
§ 5.4. Årsmøtet sine vedtak
Endring av foreininga sine vedtekter krever 2/3 fleirtal av avgjevne stemmer. Det same gjeld også forslag om oppløysing av organisasjonen og eventuell samanslåing med andre lokale foreiningar.
Årsmøtet vedtar samtidig disponering av foreininga sine midlar. Midlene skal gjevast til tiltak som ligger innenfor foreininga sine føremål.
Val og andre saker blir avgjort med alminnelig flertall (meir enn halvparten av avgitte stemmer). Ved likt stemmetal mellom to kandidater blir valet avgjort ved loddtrekning.
§ 6 VALKOMITÉ
§ 6.1 Val av valkomité
Styret skal kome med framlegg til valkomite med leiar for årsmøtet. Det skal vere 3 medlemer inkludert leiar i valkomiteen.
Leiar og valkomite blir valgt for to år
§ 6.2 Valkomitéens arbeid
Valgkomitéen skal innstille på kandidater som:
– Styrets leder
– Styremedlemmer
– 2 varamedlemer til dtyret
§ 7 STYRET
§ 7.1 Styret sine oppgåver
Styret leiar foreininga sitt arbeid innanfor laget sine vedtakter og årsmøtet sitt budsjett og vedtatte handlingsplanar og retningsliner.
Styret skal føre rekneskap etter god rekneskapsskikk
§ 7.2 Val av Styret
Styret består av styreleiar og fire styremedlemmer, alle valgt for to år. Det skal være minst 2 av kvart kjønn.
Styret vel sjølv nestleiar, kasserar og sekretær
§ 7.3 Styremøte
Styrets leder innkaller til styremøter på eget initiativ eller når minst to av styrets øvrige medlemer krev det.
Styret er vedtaksført når minst tre av styremedlemene er til stades. Ved likt stemmetal har styreleiar dobbeltstemme.
§ 8 FULLMAKTER
Fullmakt til å teikne (forplikte) organisasjonen har styrets leiar og den eller dei personar som styret gjev fullmakt.
Årsmøtet gjev styret fullmakt til å fastsetje honorar for styreleiar og kasserar.
§ 9 IVERKSETJING
Desse vedtektene trer i kraft 07-01-2016.
Revidert 07.01.16 etter vedtak i styret 07.01.16. EKB