Sist oppdatert, 1.november 2023
Seniornett Førde har kurslokale i Førdehuset med adresse: Angedalsvegen 5, 6800 Førde.
Førdehuset har gratis WiFi (trådlaust internett) til sine gjestar.
Førdehuset har mange funksjonar og tilbod, ein stor gratis parkeringsplass og buss-stopp for Ringbussen som går til Vieåsen.
Les meir om Førdehuset på: https://fordehuset.no/
Kurslokalet vårt er i underetasjen, møterom A og B
Kurstider:
Torsdagar, 2 grupper frå 09:30-11:30 og 12:00-14:00.
Fredagar, 2 grupper frå 09:30-11:30, og 12:00-14:00
Vi gjennomfører våre kurs med eit haustsemester og eit vårsemester. Kursdeltakarane kan velje mellom 4 grupper, der gruppe 1 på torsdag formiddag blir rekna som nybegynnargruppe. Vi har 2 instruktørar per kursgruppe, og instruktørane er frivillige frå medlemmene i Seniornett Førde. Ein eller fleire gonger i kvart semester inviterer vi “gjesteforelesrar”, frå kommunen, biblioteket, ein bank, eller andre med datakunnskap vi kan ha nytte av. Kursdeltakarne må ha med eigen berbar PC.
For kvart semester brukar vi å sette opp eit semesterprogram på grunnlag av arbeidsplanen som blir vedtatt på årsmøtet i Seniornett Førde. Vi inviterer deltakarane i kvar gruppe til å komme med ønskjemål og forslag til tema vi bør ta opp gjennom semesteret.
Det offentlege Norge innfører etter kvart fleire digitale løysingar, som det blir forventa at vi skal nytte oss av. Målsettinga med våre kurs er å hjelpe deltakarne til å tileigne seg nødvendig datkunnskap til å bli “digitale borgarar”, slik at dei kan bruke digitale løysingar og delta aktivt i samfunnet.
Seniornett Førde arrangerer også Datastove i samarbeid med Pensjonistforbundet i Førde. Dette er eit prosjekt med 2-dagars kurs i opplæring i bruk av smarttelefon, nettbrett og PC.
Medlemskontingent:
Kontingent til Seniornett sentralt: kr 400,00 per år. Kursavgift til Seniornett Førde: kr 350 samla for haust- og vårsemesteret.
Innmelding til Seniornett kan du gjera gjennom Seniornett Førde, eller direkte på nettsida: https://seniornett.no/bli-medlem/
Når du melder deg inn, mottar du faktura på medlemskontingenten frå Seniornett Norge.
Sosialt:
Å delta på kurs er ein fin måte til å møte andre menneske. På kvar kursdag har vi ei lengere pause med samling rundt kaffibordet. Vi er så heldige å kunne bestille kaffi og svele i kafeen på Førdehuset. Betaling for kaffi og svele blir kravd inn av vår kasserar til jul (haustsemesteret) og ved sesongslutt i april (vårsemesteret).
Du kan kontakte styret på e-post: knut@fordesenior.net