Møtene til Seniornett Klepp er på Klepp Frivilligsentral
Om Klepp
Bygda med ope, bølgjande landskap.
Bygda med dei finaste sandstrendene i landet.
I vest stig landet svakt oppetter frå Nordsjøen mot høg-Jæren. Høgste staden, Tinghaug, ligg 102 m.o.h .Her har du eit storslått utsyn over bygda. I vest ser du Jærhavet som skiftar karakter etter ver og vind, den høge himmelen, lyset og samspelet mellom hav og land gir inspirasjon og fine naturopplevingar.
Klepp kommune ligg midt på Jæren, 25 km sør for Stavanger.
Kommunen har eit flatemål på 115 km2. Av dette er 77 km2 jordbruksareal.
Jordbruk, industri, privat og offentleg tenesteyting er hovudnæringar i kommunen.