Seniornett Stordal starta opp med sitt første møte torsdag 23.januar 2025. 13 ivrige og lærelystne seniorar møtte fram til den første samlinga. Fleire er velkomne for å sjå om dette kan vere noko å delta på framover våren :-)


Seniornett Stordal vart registrert og oppretta av Stordal Frivilligsentral for ca. 10 år sidan, men har ikkje kome i aktivitet før no. Vi har no fått på plass frivillige rettleiarar, og har lyst til å etablere eit utviklande og sosialt datatilbod til seniorane. Vi legg i første omgang stor vekt på grunnleggande digitale ferdigheiter.
Vi satsar på 9 medlemsmøte framover våren, og alle samlingane vert lagt til Stordal Frivilligsentral på torsdagar mellom kl. 13.00 – 15.00. Det er vaffeldag på Frivilligsentralen på torsdagar, så det borgar for kos…
Alle interesserte seniorar er velkomne til samlingane. Vi er alle – både rettleiarar og deltakarar – nybegynnarar innan Seniornett og dermed i ein spennande læringsfase, men saman kan vi finne fram til ei god organisering og eit aktuelt innhald.
Vi oppmodar alle deltakarar om å melde seg inn i Seniornett Norge, og på den måten få del i det som Seniornett kan yte av tips, rettleiing og assistanse – i tillegg til at vi som lokalforening får litt pengar i kassa 
Alle samlingane skal leggast opp med:
Aktuelt nytt frå Seniornett
Eit hovudtema
Dagens app
Praktiske tips/info
Ei økt med individuell hjelp
Planlagde hovudtema:
• 6.februar: Svindel på nettet og nettvett
• 27.februar: E-post, Digipost, posttenester på nett
• 13.mars: Banktenester på nett, Bank-ID, Vipps (Besøk av SparebankenMøre)
• 27.mars: Skatt som tema; Altinn, Skatteetaten
• 10.april: Helse som tema; Helsenorge.no, Helsami
• 24.april: Facebook og Messenger
• 8.mai: Bestille/handle/betale på nett, ulike nettbutikkar og betalingsordningar
• 22.mai: Det er fullt på disken… Lokale mapper kontra skylagring, synkronisering av bilder, lagre og dele.
Presentasjonar frå samlingane kan du finne her:
https://drive.google.com/drive/folders/1QuWX9TgeNvdHsJ6Evm6JvMsgGP8yZ5Hx?fbclid=IwY2xjawJHp4FleHRuA2FlbQIxMAABHUHEbmVf9i-yOLk2SPRnOdorARtYVzwakP62jXhhcGLQuEpZLDhTIp14iw_aem_qpIHuqrW4wTh6hXdEQR6ew