Seniornett Sula og Sula bibliotek samarbeider om eit tilbud om digital veiledning. Fram til hausten 2022 har Sula bibliotek organisert “digihjelpa” i Sula. No er det danna ei lokalforeining av Seniornett på Sula, så no blir det eit samarbeid framover.
Det er planar om medlemsmøte, kurs og høve til å få individuell hjelp. Tema vil spenne frå det heilt enkle og til det som godt erfarne databrukarar syslar med.
I oppstarten er vi 7 frivillige som startar opp som hjelparar. Etter kvart har vi håp om at andre og vil melde seg til å hjelpe til med sin kompetanse. Det er eit mål at samlingane skal ha eit sosialt preg og vi skal hjelpe kvarandre med å kome litt vidare med bruk av mobil, nettbrett og datamaskin.
I februar startar vi opp!
Nyheter og oppdateringer
Vår første Datakafè er gjennomført
Publisert 24.02.2023 /
Oppdatert 24.02.2023
Les mer
Datakafè 23. februar kl 12 - 14 på Sula bibliotek
Publisert 09.02.2023 /
Oppdatert 24.02.2023
Les mer
Sula Seniornett starter opp 4. februar 2023
Publisert 12.01.2023 /
Oppdatert 05.02.2023
Frivilligheita og Sula kommune samarbeider om OPPLEV SULA – ein aktivitetsdag for alle. Dette er ei stormønstring av dei frivillige organisasjonane i kommunen. Sula Seniornett er i startgropa med sin aktivitet og vil presentere seg denne laurdagen.
Les mer