Annakvar torsdag møtes ein god gjeng på Sambrukshuset i Sveio for å løyse digitale utfordringar og ha ei sosial stund saman. Me har fleire rettleiarar som byt på å hjelpe til, samt at me også har ei samtalegruppe på facebook der me held kontakten og hjelp kvarandre med smått som dukker opp mellom møtene.
Hos oss er du velkomen om du er medlem eller ei, og du vel sjølv om når du vil stikke innom på treffa og kor lenge du vil bli. Me har eit stort fokus på det sosiale og at Seniornett Sveio skal vera kjekt å vera ein del av, og har difor også møter der det digitale ikkje er i fokus.
Seniornett Sveio.
Juleavslutning 2019.
Sommeravslutning 2020.