Hold Control-/Cmd-tasten nede.
Trykk på + for å forstørre eller for å forminske.

Valldal

Seniornett Valldal
Valldalsvegen 937
6210 Valldal
Besøksadresse:
Norddal bibliotek
Olavs gate 10
6210 Valldal
E-post:
Tlf.: 97474448
Kontaktperson:
Tore Hoel

Valldal

Seniornett Valldal er ei lokal avdeling av Seniornett Norge. Våren 2024 har vi samlingar på måndagar, kvar 14. dag. Sjå plan for møta nedanfor. Alle er velkomne til samlingane. Er dette noko for deg, kan du bli medlem og få del i det Seniornett kan yte av tips, rettleiing og assistanse. Velkommen til neste samling.

Møteplass er Biblioteket i Valldal som er ei avdeling av biblioteket i Fjord kommune. Våren 2024 har vi samlingar desse måndagane mellom klokka 1030 og 1230:

• 15.01.2024
• 29.01.2024
• 12.02.2024
• 26.02.2024
• 11.03.2024
• 25.03.2024 (påskeveka) Det blir ikkje samling denne veka.
• 08.04.2024
• 22.04.2024
• 06.05.2024

Tema måndag 06.05.2024 blir m.a.:

– Nytt frå Seniornett m.m.
– Vi ser litt på funksjonar i Messenger som kanskje ikkje er like lett å oppdage.
– Kva blir innhaldet i møta våre til hausten? Skal vi halde fram som no der vi i stor grad legg opp til å vise bruk av appar på mobiltelefon og nettbrett eller er det ønskje om å vektlegge andre område innanfor det ein kan kalle nyttig kvardagsteknologi.
– Spørsmål som dukkar opp.
Dette er siste samling denne våren. Denne gongen må vi difor ha litt kaker til kaffien.

Vis omsyn. Følg rådet om å halde seg heime om ein ikkje er frisk.
Vel møtt.
Helsing Kjell og Magne

 

 

Footer