Hold Control-/Cmd-tasten nede.
Trykk på + for å forstørre eller for å forminske.

Ukategorisert

Årsmøte 2021 senior Gloppen

SENIORNETT GLOPPEN – ÅRSMØTE 2021.

Tid: 05.10.21.
Start: kl 10.00
Slutt: kl 11.00
Stad: Gloppebua
Oppmøte: 15 medlemar

Sak 1 Godkjenning av innkalling og sakliste
Innkalling og sakliste vart samrøystes godkjent.

Sak 2 Val av møteleiar, referent og to til å skrive under møteboka
Johan Moldestad vart valt til møteleiar
Odd Eide vart valt til referent
Gerd Sørebø og Oddny Hjelle vart valt til å skrive under møteboka

Sak 3 Årsmelding for 2020, rekneskap og revisjonsmelding for 2020, og budsjett for 2021
Johan Moldestad las opp årsmeldinga for 2020.
Sigtor Tveit gjekk gjennom rekneskap for 2020 og budsjett for 2021.
Revisjonsmelding låg ikkje føre, men årsmøte godkjende rekneskapen.
Vedtak: Årsmelding, rekneskap,revisjonsmelding, samt budsjett for 2021 vart samrøystes vedteke.

Sak 4 Val av styre
Leiar – Johan Moldestad – på val for eitt år.
Nestleiar – Berit Gloppestad – på val for 2 år.
Kasserar – Sigtor Tveit – på val for 2 år.
Styremedlem – Odd Eide – ikkje på val.
Varamedlem – Otto Eide – på val for eitt år.
Varamedlem – Aslaug Østenstad på val for eitt år.
Vedtak: Det nye styret vart samrøystes valt

Revisorar for 2021 – Jostein Midtkandal og Randi Ryssdal vart samrøystes vald.

Sak 5 Handlingsplan for 2021
Handlingsplan for 2021 vart gjennomgått av Johan Moldestad og ble samrøystes vedteke.

Sak 6 Val til valnemnda.
Ny valnemnd – Jostein Midtkandal, Liv Øygard (leiar) og Jon Eide vart vald samrøystes

Sak 7 Val av sosialnemnd
Ny sosialnemnd beståande av Gerd Sørebø, Jon Eide og Jostein Midtkandal vart samrøystes vald.

Sak 8 Ymse
a) Odd Eide orienterte om WiFi-nettet på Gloppebua, som har vore “ei mare” i mange år. Det er teke kontakt med Enivest som har lova å gje oss fibernett utan månadlege meirkostnader.
b) Odd Eide orienterte om grasrot midlar som Norsk Tipping deler ut til foreiningar som er registrert i Brønnøysund registeret. Kan vere ei ekstra inntekt til Seniornett Gloppen dersom mange nok registrerar seg.
c) Årsmøte godkjente kjøp av PC, som eit supplement til storskjermen slik at PC-en blir ståande fast på Gloppebua. Jostein Midtkandal fekk fullmakt til å forhandle med Datainstituttet (der storskjermen er kjøpt) og eventuelt kjøpe pc til rundt kr 5000,-

Odd
Ref.

Footer